tirsdag 18. desember 2007

Åp. 14, 1-5.

66-Åp. 14,1-5.

Dei frelste.

Johannes såg lammet, og det var eit vakkert bilete av dei frelste han fekk her. Dei stod for Guds åsyn, der er me alltid som truande.

Talet 144000 vil me her ta symbolsk for alle dei truande til alle tider. Her finn me både dei som trudde i GT og alle i den nye pakt. Det er 12 x 12000 – den tallause skaren av Guds barn.

Dei hadde Guds og Jesu namn på panna – heilt motsett dei som hadde dyret sitt teikn i kap. 13. Her finn me altså motsetnaden. Her er Guds folk motsett djevelen sine slavar og vener. Om dei står det fleire ting her:

1. Dei song ein ny song.

Det er frelsessongen, slik me og finn han i Salme 40. Den er motsett av verda sine gleder og deira skrålande song om ureine og verdlause saker. Her er sjølve himmelsongen.

Den er ny – både av ein heilt annan kvalitet enn eit liv i synda. Og det kom eit sksilje for oss, då me var opptekne med denne verda sine ting og gleder. Så møtte me Jesus, og då vart songen ny.

2. Dei er kjøpte fri – på Golgata.

Difor tilhøyrer dei Gud den Allmektige. I kap. 5 les me om han som kjøpte oss. Og i kap. 15 finn me Moses og Lammet sin song. Det er songen om frelse, og den store og udnerfulle frelsa me fekk av nåde.

”Det meg gleder mest er Jesu underfulle frelsesverk..”

3. Me er reine.

Me er som jomfruer, står det, bilete på den reine og usmitta syndar. Avgudsdyrking var lik hor i GT. Som frelste tilber me berre Jesus og er saman med han. Me er fullkomne i Kristus og er utan lyte og feil av noko slag. V. 5b. Det kan me seia avdi me er rettferdiggjorde i Jesus. Kol. 1, 22 og 28. 1. Joh. 1, 7. Jes. 1, 18.

4. Me fylgjer Jesus.

Lammet er Jesus, og han er vår leiar. I motsetnad til Antikrist sine folk går me der Jesus leier oss. Då Jesus måtte Levi (Matteus) i Mat. 4, 19 sa han: Fylg meg. Det lukkast ikkje alltid, og me vil aldri skyta av det at me er fullkomne. For det er ikkje vår ære, det er ei gåve frå Gud. Når det mislukkast, må me attende til Han som kalla oss. Men me lever i denne bøna: Herre, hjelp meg å gå sin veg. Sml. Rom. 12.

Så kan me spørja: Kor gjekk Jesus?

Me finn han t.d. i mat. 17, 1 og 14-15 m. fl. St.

a) Han gjekk avsides – for å vera åleine med sin Far og Gud. Han var på fjellet i bøn. Der vil me og vera. I vår travle tid, er det naudsynleg å vera merksam på det. Stillheten er kraftstasjon i kvardagen og arbeidet – både menneskeleg og som åndeleg kraftstasjon.

b) Han gjekk til folket. Då han kom ned av fjellet, møtte han folk som trong hjelp. Mange menneske treng det. Her vil me fylgja han. Då meiner me ikkje berre lekamleg og sosial hjelp – men åndeleg. Vår fremste teneste for Gud er å vinna sjeler for himmelen. Heller ikkje det i eiga kraft og ved kraftgjerningar. Men det ligg ferdige gjerningar i vegen vår – eit vitnemål ein stad, ei venleg hjelpande hand ein annan, trøst til nokon og åtvaring til andre som lever sutlaust i verda og synda. Han spør om di hjelp og!

c) Han gjekk inn i lidinga. Endestasjonen hans var Golgata, der skulle han lida og døy. Det er ikkje vår plass – han gjorde alt for oss slik. Men me vil fylgja han dit, sjå han lid der og døyr for synda vår. Der ligg frelsesgrunnen. Det er kvile og kraft i å vera der.

Så fører han oss nokre gonger inn i liding for hans namn skuld. Då vil me ikkje dra oss unna og nekta Jesu namn, slik Peter gjorde i påsken. Det vil kosta for oss. Men det er vegen i Lammet sine spor. Amen.