tirsdag 18. desember 2007

Åp. 4, 1

Åp. 4,1b. Det som heretter skal skje.

Mykje er uklart og vanskeleg i Openb. Ver difor varsam med tolkinga. Det blir lett

Sensasjon av slike tankar. Overskrifta over Openb. er: Det som heretter skal henda.

Noko veit me sikkert, men mykje er uklårt for oss ennå. Me kan ikkje gå i detaljar, men halda fram hovudsaka.

Me må stiga opp, og la han syna oss framtida. Her må me halda oss til Ordet - og ikkje gå utanom det. Her bør me gå fram med audmjuk bøn.

Bibelen har gitt oss oversikt og syner. Nokre hovudsaker vil me ta fram nå:

1) I endetida: Stort fråfall.

1.Tim.4,1 seier med klåre ord at…

Fråfallet blir frå Bibelen og sann kristendom. Somme vil ha kristennamnet, men vera utan åndeleg liv. Slik var det i Efeus, Åp.3,1: Dei hadde berre namn av å leva.

Me kjem ikkje frå det nå. Me ser det i avisa, på møte, i kyrkja, moralen, i avvik frå bibelsk lære. Og det er eit varsel om dei siste dagar.

2) Israel.

Det er eit spesielt folk. Det er kalla fikentre og oljetre. Når det skyt knupp, kjem sommaren – og det er Jesu kome.

Israel skal bli omvendt og koma til sitt land. Esek. 36,24f; Jer. 31,35-37.

Mange er i villreie nå – og me høyrer mange forvirrande røyster. Nokre

Teologar og lekfolk seier at Israel er som andre folk, dei har ingen rett til landet. Er det sant?

Rom. 11,25-26 (v.1) seier noko viktig om det: dvs. Israel skal bli frelst som folk, det må tyda dei fleste. Det er Guds spesielle løfte til Israel som folk! Her er det skilje mellom dei og heidningane Amos 9,11-12.14.15. Sit. i Apg. 15,16.

Det skjer noko i endetida. Noko er oppfylt pinsedag, men ikkje alt.

Jødane skal bli gjenreist. Dei skal koma frå alle land, v. 14. Då vender eg lagnaden, og gjer ende på fangenskapet.

V. 15. Dei skal plantast og skal aldri rykkast opp att! Dette kan ikkje vera Babel. Fleire år er med her, som 1948, 1967, 1973.

I Rom 11,12.15 les me: Det skal bli liv av døde. Det må verta ei mektig misjonstid utan at me kjenner detaljane her.

Bibelen har fleire åtvaringar mot å forakta jødefolket – som Rom.11.18: Tenk ikkje om deg sjølv at du er betre. Og i v. 20: Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud. v. 28. Det er sagt til heidningar. Korleis vågar dei å kjempa mot Israel? Det skulle ein tenkja på politisk også.

3) Misjon.

Guds rike sin siger i våre hjarto. Jesus bad oss å gå til alle.

Mat. 24,14: evang. skal forkynnast for alle folk - skal enda koma. Det er eit klårt teikn. Når misjonen går fram, nærmar Jesu kome seg. Alle folkeslag må få høyra om han.

Kva kan me gjera? Vaka, vera rede, ikkje la nokon lura oss.

4) Jesus kjem att!

Det er heilt sikkert. Heile Bibelen seier det. Me skal ikkje vera her alltid. Det er viktig i vår tid. Me er vandringsmenn, og himmelborgarar. Åp.19,7: Tida er komen. Åp. 3,11: Eg kjem snart. Kap. 22,12: Sjå, eg kjem snart.

Joh. 14,3: når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att.

Slik kan me sitera mange bibelvers. Og det er klart: me kan venta Jesus igjen. Han står bak sitt ord.

Då er ein ting viktig: vere rede, kvar stund. Det tyder å vaka, vera rein i Jesu blod. Berre der er frelse. Vak og bed, sa Jesus. Me veit ikkje dato, men fekk teikn.

Jesus sa i Luk. 17,26: Som det var i Noahs dagar, v. 28: som det var i Lots dagar – slik skal det bli når han kjem att. Då har me nokre kjenneteikn: Det skal vera ugudelige folk, som foraktar Gud, og går sin eigen veg. Det er vår tid.

Korleis gjekk det om han kom i kveld?

Er du rede? Er du omvendt til Gud, og rein i forsoninga?

Berre Jesus er di von! Han kallar på syndarar nå.