tirsdag 18. desember 2007

Åp 22

Bibelens siste kall. Åp. 22, 12-21.

Dette er Bibelens siste ord, med formaning og åtvaring. Det er eit siste kall, og det er alvor. Her er nokre store sanningar: om avslutninga på denne tida.

I kap. 4,1 står det: Ei dør er opna, og det handlar om det som heretter skal skje. Johannes får sjå inn i æva. Då ser han fleire ting:

1. Først: Jesus kjem snart!, v.12.

2. Det tyder at han kjem fort, du får ikkje tid å forandra noko. Dette er tydeleg i Bibelen: Denne tida tar slutt. Gud set punktum. Det betyr alt. Over 300 gonger er det nemnt i NT. Heile Bibelen talar om dei siste tider. Og det skjer ikkje for å stilla vår nysgjerrigskap. Men han stiller spørsmålet: Er du rede? Hovudsaka er æva. Folk gløymer det lett. 2. Pet. 3, 4.

Jesus kjem snart - etter Guds klokke. 2.Pet.3,8. Her siterer Peter ei salme (Salme 90) når han seier: 1000 år som ein dag. Han ser alt i æveperspektiv. Og Job seier: Job 7.7: mitt liv er som ein pust. Salme 90,9.14. Alt går fort hjå Gud , men på same tid er han tålsam.

3. Dinest ser han: Nokre er rede, v. 14.

4. Ikkje alle, berre dei frelste. Dei går inn i himlen og nyt den evige sæle. Her tenkjer me på Den kvitkledde skare, kap.7.

"Her gikk de under stor forakt, men se dem nu i deres prakt.”

Korleis skjedde det? v. 14 har svaret: Dei har tvetta kjolane sine. Det står i presens: det skjer stadig. For me skitnar oss til dagleg. Difor må me reinsast på ny. Desse erkjenner det - for Gud og menneske: "Jeg står for Gud som allting vet, og slår mitt øye ." Det er alle truande si erfaring. Når me er ærlege ser me det. Me blir aldri syndfrie.

Men, me har funne noko: Profeten ser ei opa kjelde, Sak.13,1. Det fortel at Jesus døydde for oss syndarar. 1.Joh 1,7: Blodet reinsar frå all synd. Der får Guds barn leva heile livet. Då får me rett til livsens tre.

Og Jesus fortel i Mat.25 om møyane: dei som var rede gjekk inn…

Vår bøn er difor: "Da når du henter bruden som venter, løfte også meg med dine i sky." 1.Tes. 4,17: rykkes i skyer opp.

5. Nokre utafor, v. 15. kap. 21,8.

6. Ikkje alle blir frelst. Dei som sa nei, høyrde ikkje, brydde seg ikkje, utsette det, trudde dei var gode nok.

Du? Dine? Er dei evige utafor? Her finn me dei namnkristne? Dei er ”kristne” på utsida, men er ikkje fødde på nytt av Guds Ande.

Og heidningane: Det er 3 milliardar av dei nå – heile 1,2 mldr i Kina.

Nokre fekk aldri anledning, eller dei forakta Jesus og kristentrua. Dei går fortapt. Og dei får aldri ein ny anledning, kap. 14.10.

Det er uhyggeleg! Utafor i all æve. Slik talar Bibelen.

Jesu atterkome manar oss til misjon og arbeid så lenge det er dag.

W.Booth i Frelsesarmeen sa ein gong: Dersom mine kandidatar får 5 min. i helvete, er det all den utdanning dei treng. Då ville du gå ut i arbeidet. – Det var sagt på spissen, men har ei STOR sanning i seg.

4. Kvifor fortapt?

Var dei ikkje gode nok? Svaret er: Dei sa nei til Guds ord og kall.

V. 17 seier at Åndens stille kall er vår von. Jesus kjem midt i synda og vår elende. Frelsa er ikkje av menneske, berre av Gud.

I v. 18-19 ser me at Guds ord avgjer alt. Kva seier det? Trur du det? Tar me det alvorleg?

Moderne teologi tar noko bort. Det er ofte det farlege, uforklarlege. Og det er ein farleg leik med elden. Eller dei legg noko til – av eigne tankar og meiningar.

Gud reagerer kraftig, både mot dei som forkynner liberalt- og dei som høyrer det, og aksepterer det. Det Beste gav ut ein forkorta bibel – der dette verset var borte!

- Før Jesus kjem vil brura seia kom! Det er vårt vitnemål, misjonen, arbeidet på bedehuset. Me er Jesu brud og skal ropa ut til siste dag, v. 17.

5. Mi løn er med meg, 12.

Guds barn får løn. Det vert av nåde, for dei trufaste. Gud ser ikkje etter store resultat. Men stod me fast der Gud hadde sett oss?

I Mat. 10.41-42 er det tale om eit glas vatn. Det talar om det lille du gjorde for Jesus. Ingen andre enn han veit om det. Då får du løna i himmelen.

”Men aller herligst lys og glans utstråler, det lille du i stillhet øvet her. Som ingen andre enn kun Jesus kjenner, det stråler klarest i din krone der.” Ja, slik syng songaren.

La oss sjå framover. Og arbeida for å få nokre med oss.

-

Ingen kommentarer: