tirsdag 18. desember 2007

Åp. 14., 13.

66-Åp 14,13.

Dei sæle.

Ordet sæl (salig) tyder lukkeleg. Men i Bibelen er det ikkje tale om ytre lukke med kjensler og framgang i livet. Der står det i vårt høve til Gud. Her i Openberringa er det klårt: Midt i trengsel og tunge tider, er Guds born sæle. Me kan synga: Alltid salig om enn alltid… Denne sæla tek til her i livet i møtet med Jesus, og held fram i alle æver.

Ordet sæl er nytta mange gonger i Bibelen, om lag 128 gonger i heile Bibelen og 50 gonger i NT. Her i Openb. finn me det 7 gonger.

Kven er dei sæle i denne boka?

1. Dei som les orda her er sæle, kap. 1, 3.

Så tidleg i boka er det altså nemnt. Guds ord er viktig. Der finn me Guds vilje, og utan den er ingen sæle. Lova er sett til å knusa oss for å syna at me treng frelse. Før me ser det, søkjer me ikkje frelse. Evangeliet har frigjerande kraft og kan løysa den største syndar.

Sæle er dei som les og tek vare på Ordet, står det, kap. 22, 7.

I dag er det heller slik at mange – lærde og lekfolk – kritiserer og dømer det som står i Bibelen. Då stenger dei seg sjølv ute frå frelsa. Det er risikabelt å gjera det. Kap. 22, 18-19.

2. Sæle er dei som er bedne til lammet sitt bryllaup, kap. 19, 9.

Dette er ein viktig del av bodskapen i evangeliet. Gud sender ut kallet til alle menneske – til omvending, frelse og atterføding. Gud vil skapa nytt liv i syndarane. Kristendommen er på ein måte Lammet sin bryllaup. Sæl er den som er beden dit – og tek imot. (Ei anna sak er Lammet skal ein gong halda bryllaup med si kjøpte brur – det blir ei stor høgtid!)

Kven er innbedne? Det er dei som får høyra bodskapen! Misjon er dermed å be folk koma, senda kallet ut til andre. Kap. 22, 17. Difor vil me heile tida be folk å venda om. Det tyder ikkje at dei skal byrja å gjera gode gjerningar for å bli frelst. Det var aldri Guds meining. Frelsa er av nåde – på grunn av Jesu gjerning.

3. Dei sæle har vaska kleda sine, kap. 22, 14.

Her ser me korleis ein kristen er og korleis han vart det. Han er frelst i Jesu blod, kap. 7, 14. Og det hende då me sanna syndene for Gud og sa som tollaren: Ver meg syndar nådig. Det er å ta imot innbydinga – og tru på det som hende på krossen. Der døydde Jesus og sona synda og rudda bort heile skuldbrevet. Å vaska seg er slik å tru på det frelsande blodet.

”Ble min iver aldri matt, gråt eg både dag og natt, syndens flekker er dog der, kun i deg min frelse er.” Eit blikk på Jesus gjer oss reine. Då har me det rett med Gud. Og me har rett til å gå inn gjennom portane til den himmelske byen. Og den retten fekk me gratis, av nåde. Joh. 1,12.

4. Dei sæle vaker, kap. 16, 15.

Dei vaker og vaktar kleda sine, står det. Det er viktig nå i den siste tida.

Her er diverre mange som tek alt sjølvsagt i vår tid. Dei byrja rett og gjekk ei tid på himmelvegen. Så gløymde dei at ”begynt er ikke endt, det må du vete…” Nokre vart sløve og sovna inn i den åndelege døden. Andre tok det ikkje så nøye med synda. Ofte byrja det i det små – og det vart lettare å synda etter kvart.

Då nyttar ikkje din eigen kristendom. Då er det ikkje nytte i store ord om å vera kristen eller å misbruka ordet nåde til å gøyma syndene i.

Me skal vakta kleda våre. Vera nøye med små og store ting i livet. Djevelen veit kor du er svak og kor han difor skal freista deg. Vak, sa Jesus. Det treng me å høyra i dag. Og det er ikkje lovisk tale. Det er ransakande ord som Bibelen og brukar. Salme 139.

5. Sæle er dei som døyr i Herren, kap. 14,13.

Alle må døy ein dag – om ikkje me lever til oppstoda kjem. Men ikkje alle døyr i Herren. Mange døyr rett inn i fortapinga. Det er ikkje nok å ha levd eit vakkert menneskeliv og hjelp andre i naud. Heller ikkje er det nok med fromme fine ord.

”I Herren” tyder å ha ei levande tru på Jesus. Det har me sett ovafor. Berre dei kjem inn.

6. Sæle er dei som er med i den første oppstoda, kap. 20, 6.

Alle skal døy, sa me. Og alle skal ein gong stå opp frå dei døde. Den første oppstoda er dei frelste, dei som trudde i livet. Dei skal hentast opp or gravene og vera med i himmelkoret. Der er berre frelste sjeler. Då er dei evig sæle og skal synga songen om lammet i uendelege tider. Og alltid er han like ny – slik er æva.

Blir du og med der? Kom i dag”! Nå er det tid.