tirsdag 18. desember 2007

Åp. 21.

66-Åp 21,9-10

Kven får plass i himmelen?

Alle synes ei brur er fin. Folk ser på kjolen, buketten, håret og anna. Og ho blir kommentert av mange. Ved kjendisbryllaup blir dei vist fram i TV og omtala i aviser.

Johannes fekk óg sjå ei brur – sjølve Brura i den heilage staden. Det er dei frelste i himmelen. Og då kjem spørsmålet: Kven kjem inn der, og kven får plass i Guds himmel? Bibelen har nokre døme på det – og me kan tru det Skrifta seier!

1. Den fortapte sonen.

Han er omtala i Luk. 15, 19 ff. Mange er slik han var, og for nokre menneske går det til på same måte.

Først – han rota seg ut i synda og øydela livet sitt totalt. Han brukte opp arven, men hamna til sist i grisebingen. Det er bilte på livet i synda og verda når det går galt. Og sett med Guds augo er alle menneske av natura slik: Me er i det framande landet, bunden av synd og skam.

Dinest ser me: Han fekk augo opp for slik han eigentleg var. Han såg at han ikkje var verdig til å koma heim att og vera i heimen. Han angra og såg rett: han var ein syndar. Og slik kunne han ikkje høva for himmelen.

Då står det: Han stod opp og gjekk heim. Det er omvendinga, bort frå verda til Gud. Det var slik sonen hadde det då han ennå berre var vakt, skriv Rosenius. Men det var eit naudsynleg steg, sjølv om det ikkje var frelsa. Omvendinga er inga lovgjerning der frelsa kjem som svar eller løn for det me gjer. Frelsa er alltid av berre nåde.

Det ser me til slutt: Han fekk alt. Han fekk nye kler, ring på fingeren og ein skikkeleg fest. Bror hans var utafor – han hadde aldri fått noko, står det. Og då er ein ikkje frelst. Heile frelsa er gåve og nåde.

2. Det andre døme er Tollaren i templet.

I Luk. 18, 12ff står det om han. Han hadde ingen gode gjerningar. Han såg på seg sjølv, på sitt indre menneske og visste at han fortente dom.

Han bad berre ei bøn: Om nåde. Alt anna var verdlaust. Og for ein dødsdømd fange er det å bli benåda det aller største. For då får han livet att. Slik har alle kristne det. ”Mitt eget er bare en skam.” Eg er fortapt om eg ikkje får nåde av Gud.

Då står det: Han gjekk rettferdiggjort heim til huset sitt. Ein ny mann kom inn døra heime då. Og han hadde ikkje betalt for noko eller gjort ein einaste ting. Alt var gratis, ei Guds gåve. – Men farisearen tykte han var god nok i seg sjølv – og vart utafor.

3. Dinest: Maria Magdalena.

Om henne står det i Luk. 8, 2. Ho hadde hatt sju vonde ånder i seg. Snakk om eit indre liv hjå henne! Så opplevde ho underet: Jesus lækte henne – det vonde måtte ut, og ho vart fri.

Nå sat ho ved Jesu føter, Luk. 10, 42. Det var ho som hadde valt den gode del i motsetnad til den travle søstera Marta. Maria fekk ein stor lovnad av Jesus: Ingen skal ta denne delen frå henne.

Og Maria var den første Jesus viste seg for etter oppstoda, Mark. 16, 9. Så kjær var ho for han. Me kan vera trygge for at ho er i himmelen. Men ei tenestejente anga Peter i påsken – og ho blir truleg utafor. Men veit ikkje noko om at ho vende om og trudde seinare.

4. Tomas – læresveinen.

Han var svært anonym i tre år. Og han tvilte på at Jesus var oppstaden. I så måte var han ein svak kristen. Eg vil sjå, sa han, og kjenna på han før eg trur.

Det fekk han óg. Kjenn på meg, sa Jesus, Joh. 20, 24. Slik hjelpte Jesus tvilaren, slik han alltid gjer med oss som er skrøpelege. Han kjem oss i møte med ei ekstra helsing, som han gjorde med Peter. Og me vil nok møta Tomas i himmelen – medan Judas blir utafor i all æve.

Kvifor?

Så kan me spørja igjen: Kvifor kjem dei inn, og mange andre står utafor? Då ser me noko felles for alle kristne:

- Dei såg dei var syndarar – dei var ikkje gode nok for himmelen. Graden av erkjenning kan variera, men alle kjenner og veit: me treng frelse.

- Omvendinga kan óg vera ulik ytre sett. Men det kom ein dag då dei ropte til Gud i si naud. Dei tok imot og fekk nåde og tilgjeving ved tru på Jesus død og soning. I hans blod vart me reinsa og frelste. Talar du med ein slik, vil han aldri seia at det var ei gjerning han gjorde for å bli frelst. Ein sann kristen har ingen gjerningar.

- Heile livet lever me i tru. Me reknar berre med Jesus. Han er billetten, så å seia. Ved himmelporten har me berre han å visa til. Difor kjem me inn.

Amen.