tirsdag 18. desember 2007

Åp. 8, 1-5.

66-Åp 8, 1-5.

Det sjuande seglet – bøner.

I dette kapitlet vert det sjuande seglet opna. Sju englar bles i basun, og det blir ofra røykjelse. Det er stille i himmelen, noko stort skal skje. Dei heilage sine bøner kjem i fokus nå.

Englane har otte for Gud og den store dommen som ventar. Dei kristne sine bøner fyller dei truleg med vyrdnad, for det skjer noko i himmelen når dei truande ber.

Om bøn.

1. Gud reknar med våre bøner.

Difor er dei omtala så mykje i Bibelen. Det som har lite å seia, vert ofte lite omtala og forklart. Jesus sjølv bad, og han lærte læresveinane sine å be – slik skal de be, sa han. Det er ikkje likegyldig korleis me ber.

2. Dei tek vare på bønene.

I himmelen er det skåler der dei legg bønene i. Dei er av gull, det mest kostbare og verdfulle materiale på den tida. Og gullet er varig. Det smuldrar ikkje eller rotnar som tre og anna materiale. Han veit kva me be om og kor mykje me er i bøn.

3. Røykjelse.

Røykjelse vart i den gamle pakta brukt som offer. Det var eit eige altar til det, og røyken steig opp til Gud. Den er ofte brukt i Bibelen som bilete på bøn. Salme 141, 2. Og i Åp. 5, 8 står det klårt at røykjelsen er dei heilage sine bøner.

I Bibelsk oppslagsbok står det noko fint her: ”Når det i Åp. 7 er tale om den siste tidens menighet, må en forstå kap. 8, 3f slik at Gud i den siste tiden skal hjelpe sin menighet til å be om større inderlighet og kraft, nemlig om Herrens gjenkomst og avslutninga på denne tiden, noe som gjennom hele Åp. er hensikten med de troendes bønner, jfr. Kap. 6, 10 og 22, 17 og 20.”

4. Tillegg.

I v. 2 står det at engelen som heldt karet fekk mykje røykjelse, for at han skulle leggja dei til bønene åt dei heilage.

Våre bøner blir aldri nok. Dei er korte og ofte ureine og egoistiske. Difor kom det eit tillegg. Det må vera himmelske bøner utan at me veit kven sine det er. Og det er når dette himmelske tillegget kjem, at det byrjar å skje noko.

Og C. Bartholdy skriv at dette tillegget truleg er Jesu bøner. Han ber jo for oss i himmelen. Rom. 8, 34 og Hebr. 9, 24. Og me kan vera visse om at Jesu bøn er reine og heilage. Det er difor me får svar på bøna. Han tar imot våre bøner i nåde, men legg til det som manglar.

Det er audmjukande. Me kan ikkje ein gong be godt nok. Men så er det oppmuntring i dette ordet og: Jesu vil hjelpa oss til å få bønesvar. Difor takkar me for Jesu bøn. ”Gud er på tronen ennu …”

5. Bønesvar.

Svar på bøn kjem ikkje alltid når me ville ha det. Og svaret er heller ikkje alltid slik me ynskte det. Men det er alltid etter Guds vilje. Her var det tora og lyn og jordskjelv. Johannes venta kanskje ikkje det. Men nå var domen komen, og den kan me ikkje be oss bort frå. Kva svaret enn blir for vår del, er det alltid til beste for oss slik Gud ser det. lat oss takka for det.