tirsdag 18. desember 2007

Åp. 6.,1-

66-Åp 6, 1-

Ryttarane.

Tolkarane er usamde om kva den første hesten tyder. Dei andre er relativt enkle å skjøna. Dette er ein del av framtidsboka, og den er ofte vanskeleg å skjøna. Men Johannes fekk sjå noko som var heilt nytt for han. Sju segl skulle brytast og dei opna syner fopr han om framtida.

Den første hesten kom ved det første seglet. Hesten var kvit og ein bogeskyttar sat på han. Det er tale om kamp og strid, og han fekk ei krone. Det hang saman med siger. Eit talande uttrykk kjem her: Han drog ut med siger og for å sigra.

I kap. 19, 11 kjem det og ein kvit hest. Han er og ute i strid. Det er tydeleg at ryttaren der er Jesus. Og det er underleg om ikkje det er han som er på den første ryttaren her også. Både Skovgaard-Petersen og H. Odeberg ser det slik, og andre.

Då har me her eit vakkert bilete på Jesu siger. Han er kalla Ordet (Joh. 1, 1 og Op. 19, 13). Kvitfargen er uttrykk for reinleik, og han fekk krona som teikn på siger.

1. Han drog ut.

Me veit at han var i himmelen i æva. Der leika han hjå far sin. Ordt. 8, 23. Julenatt kom han til jord, og me syng: ”Ein frelsar er oss fødd i dag.” Luk. 2. Men han kom ikkje hit til pynt eller for å visa oss korleis me burde leva.

Jesus kom for å døy. Det sa profetien også: Han er såra for våre brot… Jes, 53, 5. Krossen var målet og meininga med Jesu kome. Då vart skuldbrevet vårt nagla til krossen og rive i stykker. Forsoninga hende då og me vart fri vår skuld og synd. Og dette galdt for alle menneske.

Likevel: Folket må få høyra om det og ta imot det personleg. Det er då me vert frelste og ferdige til å koma til himmelen.

Difor trong Jesus vitne og sendebod. Det er dei han sender ut i dag. Dei går ut i verda i staden for Jesus. Då forkynner dei evangeliet. Det er når folk trur det, at dei vert frelste. I Misjonsbefalinga står det klårt: Gå ut i all verda og gjer alle folkeslag til læresveinar. Mat. 28, 18-20.

Men dei går ikkje åleine. Han sa det klårt: Sjå, eg er med dykk alle dagar… Så det er eigentleg Jesus som reiser ut til misjonsmarka. Og det er han som talar i bygd og by der rette sendebod kjem. – Han drog ut…

2. Då reiste han med siger.

Eigentleg har han sigra før han dreg ut. Det er eineståande i verda. Han er ikkje uvitande om resultatet. Ordet på krossen gjeld for alle tider: Fullbrakt. Joh. 19, 30.

For det var på krossen det hende. Sigeren vart vunnen der. Han sa det på førehand, slik at heller ikkje læresveinane skulle vera uvitande. I Joh. 12, 31 seier han: Nå skal fyrsten over denne verda kastast ut. Og i Joh. 16, 11 er det klårt: Djevelen er dømd. Kol. 2, 15 er like fint: Jesus avvepna maktene og herredøma – og synte seg som sigerherre over dei.

Ja, Jesus skulle gjera han til inkjes, Hebr. 2,1 4. Etter den dagenm på krossen er djevelen her i verda på oppseiing. Det er kort tid til han må gi opp.

Profetordet hadde sagt det: Messias skulle knusa hovudet åt slangen (djevelen). Det er den sigeren Jesus dreg ut i verda med. Og den sigeren er det predikantar og misjonærar står fram med og gir dei frimot og kraft til å gå.

Men me gløymer så lett, det gjorde dei og. Difor kjem påminningane.

3. Han drog ut til siger.

Slik var det på Golgata. Det var aldri usikkert om Jesus skulle sigra på krossen, frå Gud si side. Messiasprofetiane seier det. Det ”fullbrakt” som folket høyrde på Golgata, var lova frå evige tider av.

I det evangeliske arbeidet er det i grunnen like sikkert. Misjonsarbeidet skal lukkast til slutt. Ingen kan eller skal riva oss ut or Guds hand. Gud har lova det, og då skjer det. Spørsmålet vårt er meir kor mange som blir frelst, og om me får våre med oss på vegen.

Det siste slaget og dei siste stridar i Guds rike skal og verta til siger for Guds sak. Slaget ved Harmageddon i Op. 16 vil enda med siger for Kristus. I kap. 17, 14 står det: Lammet skal vinna. Og i kap. 18, 2 kjem triumfen: Fallen er Babylon!

Denne sigeren gir oss siger. Me får sigra i hans kraft. Og med tanke på den endelege siger, kan me kjenna oss trygge og sterke i Gud. Jesus bad i si øvsteprestlege bøn: Vara dei frå det vonde, Joh. 17, 15. Det ordet vil han halda.

Takk, Jesus, at du var så god!