tirsdag 18. desember 2007

Åp. 9, 4

66-Åp 9, 4

Guds dom.

Det vart sagt at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna.”

Guds dom skal gå over verda. Den er sikker, sjølv om det ikkje alltid ser slik ut. Det er som ein eksamen. På slutten av året kjem han. Eller hausten – han kjem etter sommar. Ingen er i tvil om det.

Slik blir det åndeleg tala også. Avgrunnen sin brønn vert opna, Helvete får sin vilje. Synda skal dømast hjå alle folk i alle land. Det blir ein frykteleg dag for dei som ikkje trudde på Gud, som hata han, eller forakta han. Du skulle vel ikkje vera ein av dei?

Ein flokk slepp likevel fri. Gud valde dei ut, sette sitt segl på dei, som eit stempel som seier: Han høyrer Gud til. Kap. 7, 3. Då kan djevelen eller helvete ikkje røra dei. Du er immun.

Alle andre skal pinast – utan at me veit i detaljar kva det er. Noko vil skje i den store trengsla som går over jorda i den siste tida. Og endeleg skal dei ufrelste kastast i eldsjøen, står det.

Men du som eit Guds barn går fri!

Kva er så seglet, eller kjennemerket på at me høyrer Gud til? Eg trur me finn det vesentlige i kap. 7, 14-15 og 22, 14. Og dette viser attende til 2. Mos. 12 og andre stader der offertenesta i GT er nemnt.

Ein stor skare møtte fram. Det kan vera bilete på alle dei frelste. Dei nådde fram gjennom alle trengsler og prøvingar i livet.

Dei hadde berre ein ting som berga dei. Men det var vesentleg, utan det ville dei og vore i eldsjøen. Det var blodet. Dei trudde på Jesus som kjøpte dei med sitt liv og sin død – dvs. ved blodet. I Hebr. 1, 3 står det slik: Han har gjort reinsing for syndene våre. Og Peter skriv i 1. Pet. 1, 19: De er kjøpte fri med Kristi dyrebare blod, som blodet av eit skuldlaust og lytelaust lam.

På krossen sona Jesus vår synd og bar straffa vår og betalte vår skuld hjå Gud. Det er ikkje spørsmål om me skjønar alt dette, at det måtte vera slik og at dette er den einaste vegen. Han spør berre etter om me vil tru det. Når me tek imot Jesus, frelser han oss av nåde.

Og på livsvegen opplever me at me feilar og syndar og gjer Gud og menneske imot. Difor treng me stadig tilgjeving. Det gir han oss også ved blodet, altså den forsoninga han vann på Golgata, gjeld heile livet. Me kan alltid byggja på det.

I Ef. 1, 7 skriv Paulus: Me har utløysing i blodet hans. Og i 1. Joh. 1, 7: Jesus hans sons blod reinsar oss frå all synd. Guds frelse er blitt mi. Og det er nok.

Me blir aldri frelste ved eigen innsats eller gode gjerningar. Vår kjensler og tankar er ikkje frelsesgrunn.

I songen står det slik: Det er kraft i Jesu blod - å rense hvit som sne. Der skal me få leva heile livet. I Op. 22, 14 heiter det difor: Sæle er dei som reinsar kjolane sine… Det er noko som skjer stadig, heile tida er me i denne reinsinga frå Jesus når me elver i lyset frå han.

Har du dette seglet?

--