tirsdag 18. desember 2007

Åp. 16, 15.

66-Åp 16, 15

Om dei siste ting.

Det står mykje om dei siste ting og Jesu atterkome i Bibelen. Her er eitt av dei versa. Me skal peika kort på nok her.

1. Noko skjer først.

Bibelen taral om mange teikn, som i Mat. 24. Det skal bli krig, naturkatastrofer, fråfall og falske kristne. Mange av dei vil samla seg til strid mot Herren, Salme 2. Det endelege slaget skal stå på Harmageddon-sletta i Israel, v. 16.

2. Korleis kjem Jesus?

At han kjem, er sikkert. Det er det mange lovnader om. Mellom Guds folk har det alltid vore nokon som venta på han. Særleg i vekkingstider er tanken på hans kome sterk. Då har folk vakna opp for alvoret og tenker: Det kan skje snart.

Men mange er sløve. Peter skriv om det om dei siste dagar i 2. Pet. 3, 3-4. Folk skal spotta dei kristne som ventar då og folk trur dei ikkje. Det har jo alltid vore slik, år etter år går det på same vis.

Korleis vert det når han kjem? Me skal ikkje gå i detaljer og ikkje tala her om tida eller rekkefylgja av dei ting som skal skje. Me skal berre bruka dette eine verset i hovudsak. Då står det sjå! Jesus er usynleg for oss alle nå. Men ein dag vil alle sjå han, og då kan ingen nekta at Jesus lever. Det er eit viktig punkt for oss nå. Me må berre ha tolmod til dagen kjem. Åp. 1, 7.

Og han kjem som ein tjuv. Sjå og 1. Tes. 5, 27 og Mat. 24, 42f.

Og tjuven kjem til vanleg om natta, i mørke når ein ikkje så lett oppdagar han før det er for seint. Her er me ved eit åndeleg poeng. For i den siste tida skal det bli åndeleg mørkt. Mange bli sløve i kristenlivet, tek ikkje synda alvorleg og er likegyldige for sin sjel.

I Mat. 25, 5 står det at brurmøyane sovna av. Og då ser me ikkje det som hender.

Tjuven kjem også for å ta og henta noko. Djevelen blir kalla ein tjuv m på den måten, Joh. 10.10. Men Jesus hentar berre sine eigne, dei han kjenner her på jorda. 1. Tes. 4, 16 omtalar eins lik dag. Til og med dei døde skal stå opp av gravene og vera med Jesus i skyene. Joh. 14, 1f. Difor skal ikkje Guds folk vera uroa med tanke på atterkoma. Lever du med Jesus i trua, vil han ta deg heim der du alltid er trygg.

3. Kva skal til for å vera ferdige?

Ordet her seier to ting: Me skal vake, vera klar og merksam, vita kva som skjer og korleis me har det. Mark. 13, 37. Den som er vaken, ser kva veg det ber når du er på reis.

Ta vare på kleda, står det. Ja, kva er dine åndelege kler? Dei som fekk vera inne i bryllaupsalen har rette klede, brudedrakten. Frå Bibelen kjenner me berre eit slag kler for ein kristne: Jesu Kristi rettferdsdrakt. Her er det ikkje tale om våre gjerningar eller dyder. Her gjeld berre Jesus. Han er vår frelsar og vår frelse. ”Eier du ham da eier du alt hva hjertet kan evig begjære.

Den fekk me ved tru på Jesus. Og den var av nåde. Me lever heile tida på gåver frå Gud. Nåde at han fant meg, --- nåde at han bar meg til sin fold.

Ta vare på det. Ikkje kle deg i ureine gjerningar du sjølv gjer. La berre Jesu høgtidsdrakt gjelda for deg. Den er nok.