tirsdag 18. desember 2007

Åp. 19.

66-Åp 19, 11-16,

Jesus kjem.

Her les me og om dei siste tider og Herrens siger over Antikrist. Den kvite hesten kjem med siger. Det er Guds makt og velde. Jesus går til krig mot Satan og alt vondt. Han har augo som eld og ser alt.

1. Jesus kjem att.

Dette er eit viktig emne i NT. Ein har talt etter i NT og seier det er omtala om lag 313 gonger der. Jesus tala sterkt om si atterkome i den siste tida, særleg ikring den siste, stille veka. Det er og omtala i fleire av breva, slik at dei kristne i den første tida kjende til det og rekna med at Jesus kjem att.

a) Men verda har aldri trudd på dette. Dei ler av det og latterleg gjer at slikt kan henda. I det skjulte kan mange av dei ottast det likevel, men offentleg vil få vedgå det. Peter skriv profetisk om slik dei vil tenkja og seia i den siste tida. 2. Pet. 3, 3-4: I dei siste dagar skal det koma spottarar som skal sår tvil om og nektar Jesu atterkome. Salme 2, 1-3 er tale om ei framtid der folk reiser seg mot Gud. Det var tifelle på David si tid og, men det vil veksa fram mot endetida.

b) Bibelen er likevel klår: Jesus kjem att. Han sa sjølv at det var slik. Mat. 24. Her er tale om at Menneskesonen skal koma og folk skal sjå han. (Her talar eg ikkje om tida eller rekkefylgja av det som skal skje, berre om det faktum at Jesu kjem att.) Mange teikn skal visa seg og koma på førehand.

Engelen sa det etter himmelferda: Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, skal kom att. Og i 2. Tes. 1, 10 skriv Paulus: Den dagen då han kjem. Bibelen tek med andre ord dette som ei sjølvsagt sak.

2. Jesus kjem som konge.

Jesus kom først som eit lite barn, uskuldig og lite akta på. Kva kunne eit barn gjera mot det store Romarriket? Då vart han forakta.

Nå kjem han att som konge i herlegdom og prakt og makt. Som himmelkonge har han rett til å herska over alle menneske. Og han har makt til det. Det er det motsette av verda. Han herskar på ein annan måte som konge enn keisaren i Rom og andre statar. Og han har eit anna mål for sitt rike.

Jesus har fleire namn:

a) Jesus er Guds ord, v. 13. Det viser at Jesus vil tala med og til folket og til sin Far. I Joh. 1, 1 og 3 er Jesus kalla Ordet. Gud har altså openberra seg for oss i Kristus. Gud talar til oss gjennom han. Her er talen om dom. Jesus er eit domsord over verda og synda. Joh. 9, 39 og 12, 48.

b) Jesus er kongane sin konge, v. 16. Det talar om at han er konge over alle på jorda, også over kongane og leirane på jorda. Dei ser til vanleg på seg sjølv om så suverene at ingen skal tala dei til rette utan å risikera død og dom. Ingen er lik han korkje i ord eller i makt. (Her talar me sjølvsagt om kongemakta slik ho var på bibelsk tid, og ikkje om vår folkekonge.)

Til slutt vil han sigra over alle, sjølv om det i korte eller lange periodar ikkje ser slik ut. Fil. 2, 10-11 seier klårt at ein dag vil alle menneske bøya kne for Jesus og seia fram klårt og tydeleg at han er Herre og herskare på jorda. Det blir ein underleg dag for folket. I Op. 5, 13 lyder den same tonen: Kvar skapning som er i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, og alt som er i dei, skal seia: Han som sit på trona, Lammet, tilhøyrer velsigninga og æra og lovprisinga og makta i all æve. Då er sigeren vunnen for godt.

c) Han er kalla trufast og sannferdig, v. 11. Han er alltid tru mot ordet sitt og venene sine. Difor vil og dommen koma ein gong, for det har han sagt. Og det står fast. Og denne sanninga er fin å ta med seg gjennom livet: Eg kan alltid stola på han, og det han har sagt, vil skje – sjølv om det tar lang tid. Ja, eg får kanskje ikkje sjå alt ein gong her i livet. Eg veit likevel at han er sann og gjer det ordet seier. Så må eg heller venta til dagen i himmelriket då alt skal bli klårt. Det vil eg sjå alt.

d) Han har eit hemmeleg namn, v. 12.

Her i livet kjenner ingen alt om Jesus. Noko ligg gøymt for oss, av di han er Gud. Det er først i æva me vil få full opplysninga om dei åndelege og guddommelege sidene ved livet og æva. Vår tanke og sinn har ikkje evne til å skjøna alt her. Me er berre menneske.

Men i æva får me ei ny openberring der alt blir klårt. Namnet hans viser kven han er. Her veit me at han er Frelsar, Jesu-namnet tyder det. Det er eit jordisk namn. Himmelnamnet hans er så djupt at me ikkje skjønar det. Ingen kan utgrunna kva det tyder. Her er det i sanning djupe saker. Også det kan me berre tru – og venta på oppfyllinga.

3. Jesus skal vinna siger.

I v. 13a står det om ein klednad som er duppa i blod. Det er merke etter striden. For Jesu siger var ikkje lett å vinna. Det kosta kamp. Djevelen kjempa heile tida mot Jesus og trudde kanskje at han hadde vunne over Frelsaren på langfredag. Påskedag kom i alle høve atterslaget då han såg det store tapet: Jesus lever trass i at han døydde. Det var guddomsmakta som viste seg då. Og ennå ber han frelsarnamnet – og kan berga kvar ein som kjem til han.

Blodet på kledningen hans var forsoningsblodet. Det var han som blødde og betalte for synda med seg sjølv og livet sitt. Jes. 63, 1-3 er eit varsel om det: Kven er han som kjem i raude klede? Han trakka pressekaret åleine. Ingen kunne hjelpa han med å sona synda. Då gjorde Guds Son for oss. Difor er det mogleg for oss å bli frelst nå.

På den siste dag blir det altså to flokkar. Ein utafor og ein som kjem inn. Det store, avgjerande spørsmålet er om me er inne eller ute? Skal me vera med han, er det berre ein veg: Å tru på Jesus og det han gjorde for oss.

Skal du vera innafor når han kjem?

----