tirsdag 18. desember 2007

Åp 21,1-2 + kap. 7.



66-Åp 21, 1-2.

Himmelen.

Det står ein god del om himmelen i Bibelen, m.a. i Op. 21-22 og i Op. 7, 9-16. Nokre stader står det utførleg, men det er likevel uforklarleg for oss. Ingen har vore der og kome attende – av vanlege menneske. Difor kan ingen seia noko om korleis der er. Difor er me varsame med å tru på folk som meiner dei veit noko annan og meir enn det som står i Bibelen om himmelen.

Her får me i alle høve eit bilete av himlen. Den er likna med ein by, ei brur og ein fest ulike stader i Bibelen. Det er alle ord om glede og fryd og positiv oppleving.

Og det er sant: Det ikkje noko auga har sett og inkje øyra har høyrt eller som ingen tenkte kunne eksistera – det er himmelen, jfr. 1. Kor. 2, 9.

Her må me tala om vegen, himmeldrakten og festen.

1. Himmelvegen.

Det er Jesus. Når me kjem fram, får me det same som han, både her og i himmelen. Difor skulle me fylgja han. Slik han hadde motstand, får me det. Og der han gjekk, er vår plass. Men på grunn av synda vår, er det noko som er ulikt. Og her er eg redd me tek det for lett mange gonger. Det blir sjølvsagt for nokre menneske. Det blir mest som å skrua på ein brytar – så kjem lyset. Kan det tenkjast at somme bedreg seg sjølv nett ved dette sjølvsagde?

a) Himmelvegen byrjar med omvendinga og ein ny fødsel. Det trong ikkje Jesus. Og porten er trong. Prof. Carl Fr. Wisløff sa ein gong: ”Vekkelse er sorg og forferdelse over synd og Guds vrede.” Då blir ikkje alt lettvindt.

Mange av oss har opplevd det songaren syng: ”Jeg står for Gud som allting vet og slår mitt øye skamfull ned. Jeg ser min synd at den er stor i tanker, gjerningar og ord…”

Då er det godt å få koma til Frelsaren. Der fann me berre gåver. Alt var nåde. Alt vart tilgjeve og me fekk eit nytt liv i Jesus. Det er slikt ein kristen aldri kan gløyma. Me fekk eit nytt liv og ei ny von. Er det underleg at me gleder oss og kjenner frelsesfryden i hjarta?

2. Livet var ikkje alltid lett. Det kan bli trengsel og vanskar av ulike slag for ein kristen. Somme gonger må me bera hån og spott av di me fylgjer han. Det kunne verta kamp mot synda, og me fekk eit anna liv. Men heile tida var Jesus med! Det gir frimod i dei yngste steg og vonde dagar.

3. Døden kjem ein dag. Og mange gruar seg for den. Og dødsskuggens dal kan ver stygg, Salme 23, 4. Også då vil Jesus vera med. Han er leiar og hyrde og vår berging.

2. Himmeldrakten.

Korleis såg dei ut, dei som var innafor? Det er i alle høve tydeleg at dei er annleis enn me på jorda. Dei skilde seg ut, også frå dei som før var i himmelen, englane. For dette er Guds eige folk frå jorda. Difor kjem spørsmålet i kap. 7, 13: Kven er dei? Då får han to hovudsvar:

a) Dei er kvite, kap. 7, 9 og 14. Det tyder at dei er reine. Alt det vonde og syndige er borte. ”Her gikk de under stor forakt, men se dem nå i deres drakt.” Slik seier ein song med rette. Og kvifor var dei slik?

I v. 14 les me: Dei har vaska kjortlane sine og gjort dei kvite i Lammet sitt blod. Difor var dei så fine og reine. Og i kap. 14, 5 les me: I munnen deira var det ikkje løgn, dei var utan lyte. Dei var fullkomne på alle vis. Profeten Jesaja hadde sagt dette lenge før (kap. 1, 18): Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø. Dei vart totalt endra og nye i alt. Og berre i Jesu blod kan me bli det, og då kjem me til Gud. I himmelen er det berre frelste syndarar som var reinsa i Jesu soningsblod.

b) Dei hadde palmegreiner i hendene, v. 9. Det er teiknet på siger og på at dei hylla kongen. Han var deira Herre. Slik var det på palmesøndag. Me vinn aldri siger i oss sjølve og på grunn av vår eiga kraft. Det skjer berre når me lever i Jesu gjerning for oss. I kap. 12, 11 står det slik: Dei har sigra i kraft av Lammet sitt blod. Så må me halda oss der.

3. Himmelfesten – korleis er det i himmelen?

Den er ulik alt anna, difor er det vanskeleg å forklara himmelen. Me ingen ting å samanlikna han med heilt og fullt.

Paulus visste litt om det. Han var rykt inn i Paradis og høyrde useielege ord, 2. Kor. 12, 4. Han kom like inn i det tredje himmel, v. 2. Så høgstemt er himmelen og det som blir sagt der. Det finst ikkje ord på våre språk som kan tolka det. Men noko kan me seia:

a) Alt det vonde er borte, Op. 7, 16. Trengsla er slutt og freistinga finst ikkje meir. Berre det er utenkjeleg. Det er difor det står i Op. 21, 1ff.: Johannes såg ein ny himmel og ei ny jord. Ja, dei fyrste ting har kvorve bort, v. 4.

Havet er ikkje meir, står det. Og havet skil folk frå folk, og det tok mange liv. Det skal ikkje henda meir – og difor er og tårene borte.

b) Det gode av høgste slag tek over. Lammet skal vakta dei, leia dei og tørka tårene me hadde i jordelivet i denne verda. Me skal ikkje minnast det meir, elles blir det ingen himmel.

Så blir livet i himmelen likna med ei brur som er pynta for brudgommen sin. Det har alltid vore bilete på noko ekstra vakkert og attraktivt. Luk. 22 talar om ein herleg fest, større enn festen i Guds rike på jorda.

W. A. Wexels skreiv ein song etter eit dødsfall i 1841 der det m.a. står slik:

Tenk når en gang jeg uten synd skal leve,

Hver tanke ren, hver gjerning uten brist,

Når aldri jeg behøver mer å beve

For muligheten av en syndig lyst.

En svensk prest skreiv i 1622 m.a. slik:

Og sjelen får sin fagre pryd

Som frem for den er lagt:

Rettferdighetens brudekrans

og så den hvite drakt,

I salig fryd og evig fred - nær Herren Sebaot.

Mange kjenner og den vakre himmelsongen til Leonard Gudmundsen: Hjemme i himlen skal ingen mer gråte…. Og koret er slik: Tenk for en jubel, ja tenk for en jubel når alle frelste er berget i havn…

Då Jugoslavia kjempa fridomskampen og folk ville ut derifrå, kom ei kvinne til porten med tre born. Og spørsmålet var: Kva er namnet? Kven er du? Ho kunne ikkje få fram eit ord. Dei ville ikkje sleppa gjennom kven som helst. Vakta frå Raudekrossen var der – han kjende henne og fekk dei gjennom sperringa. Tenk for eit møte! Ein ved porten kjende flyktningen.

Skal vi møtes hist ved floden, der hvor ingen bølge slår?

---