tirsdag 18. desember 2007

Åp. 18, 1-5.

66-Åp 18, 1-5

Babylon.

Det handlar om den siste tid, då Antikrist sitt rike skal vera på jord. Hovudstaden Babylon fell og dei truande skal flykta. Dert fins tider då det er rett. Me er ikkje så sterke at me kan stå imot alt. Mat. 24, 16. Men det er og eit tidlaust omgrep. Her er noko som gjeld til alle tider.

A. Babylon.

Dette ordet har ein skjøna på fleire måtar ned gjennom soga. Dei frøste kristne meinte det måtte vera Roma, hovudstaden i Romarriket der dei første kristne budde. I reformasjonstida trudde dei Babylon måtte vera Romarkyrkja, altså dei katolske. Og i seinare frikyrkjer har nokre meint at Babylon var Statskyrkja. Sjølv om den lutherske kyrkja gjekk ut frå den katolske, er det slik at ”nissen flytter med på lasset”.

Dermed kan Babylon være symbol på og stå for den fråfalne, gudlause kyrkja. Den er blitt verdsleg og allmennreligiøs der Gud faktisk er avsett som øvste ”kyrkjesjef”. Den vestlege kultur er verdsleg i sitt vesen og sine uttrykksformer. Det ser me m.a. av at mennesket står alltid i sentrum. Mennesket skal visa seg fram og søkjer hyllest og ros av andre menneske. Det ser me svært tydeleg nå i massemeia si tid. Film og TV, aviser og vekeblad, CD-ar og nye former for media set artistar og skodespelarar høgt heilt frå die er små born. Dei blir haldne fram som ideal og mange ser ut til å krinsa heilt om rampelys og popularitet.

Lat oss ta fram noko om dette. Først: Det står alltid åndsmakter bak alt. Frå Bibelen veit me at både Gud og djevelen har sine krefter og makter til å gå ærend for seg. I Ef. 6, 12 er det tale om åndsmakter og hærar i himmelrommet. Jfr. 1. Joh. 4, 3. I denne verda er det altså eit djevelsk system av ånder ikring oss. Og dei påverkar mennesket.

Babylon er ein bustad, ein by. Og den er eit sentrum, truleg for heile verda i si tid. Då kan den påverka alle menneske på jorda. Og det er ikkje underleg i den medietida me lever i nå. Kap. 14, 8 og 17, 2. Alle folk på jorda tek imot påverknaden – og drikk av vinen til skjøkja. Det er syndelivet. - Babylon er og kalla eit fengsel for ureine ånder.

Og me skal vera klar over at i den siste tida skal det koma mykje vonde ånder. Dei er Guds fiendar, og me skal ikkje leika med dei. Dei kan ha stor makt over menneske. Då er det viktig å repetera for oss sjølve at Jesus har all makt i himmel og på jord. Det sa han i misjonsbefalinga, Mat. 28. 18-20. Alle som går ut med evangeliet, vil møta åndsmaktene som eit hinder. Då kan me lesa Guds ord høgt i Jesu namn: Han har all makt. Og: "For det navn må hatet vike, for det navn må ondskap fly."

Babylon vert kalla ei skjøkje, kap. 17, 1 og 18, 3. Det talar om utruskap, ei som deler seg med fleire. Når Babylon er religiøs, tyder det at den deler seg mellom Gud og verda og dermed djevelen. Det er ei hån mot Gud, og dei tilber eigentleg det overnaturlege. Det vil bli forsterka med tida. Det aukar til eit klimaks når dommen kjem.

Ei samanblanding av verda og ei slags tilbeding av Gud er alltid farleg. Det kan gi inntrykk av at dei er sanne tilbedarar av Herren. Og somme grip tak i det og seier: Me må vera tolerante mot det andre die gjer. Dei ser ikkje at horeveldet drep gudstrua. Ingen kan ha ei sann gudstru når die lever i synder, uansett kva namn synda har.

Folk blir påverka av ei slik innstilling. Dei leiande tok del dette livet. Kongane, står det. Dei dreiv handel, til og med med menneskesjeler, v. 13. Og alle vart førde vill ved denne trolldomen, v. 23. Påverknaden viser seg og i uttrykket: Ho er mor til styggedomen på jorda. Ho får andre med seg på syndarvegen.

Babylon er ein mordar, kap. 17, 6 og 18, 24. Skjøkja var drukken av blodet til dei heilage og Jesu vitne. Ho hadde myrda dei, drive forfylging mot dei kristne, og mange vart martyrar for Jesu namns skuld.

Nå har det vore sant til alle tider. Verda toler ikkje sann kristendom i lengda. Til meir makt verda får i t.d. statsstyret, til meir vil prøva å få kristendomen ut or landet. Eg trur me ser døme på det nå. Sjå 2. Tim. 3, 12; Joh. 15, 19; Apg. 14, 22.

B. Vår stilling.

Korleis skulle dei kristne stilla seg til dette? I nokon mon gjeld det til alle tider: Kva skal me gjera i ei gudlaus verd? Og kav skal me gjera når den offisielle kyrkja blir meir og meir fråfallen og aksepterer syndelivet, til og med mellom prestar og bispar. Slik er det i Noreg i dag. Det er svært tydeleg. Og dei som nektar det, gjer ei dobbelt synd. Dei aksepterer synda, og dei fråskriv seg alt ansvar ved å påverka andre til ei slik haldning.

Kva skal me gjera? Det betyr i grunnen lite kva me gjer i det ytre. Den indre haldninga må først vera på plass. Då lyder det: Kom ut frå henne, mitt folk. V. 4. Det er alltid rett å skilja lag med det verdslege. Slik var det med Lot, 1. Mos. 19, 14 og 17. David skriv det same, Salme 1. og Paulus seier: Gå ikkje i framandt åk --- Gå difor bort frå dei og skil dykk frå dei, seier Herren. 2. Kor. 6, 14 og 17. Og i Ordtøke 4, 14 skriv kong Salomo: Slå ikkje inn på stigane åt dei gudlause.

Det er eit Satans lureri når somme seier at me skal vera som verda for å vinna verda. Det vil aldri lukkast. Difor har Bibelen sterke ord om verda, t.d. i 1. Joh. 2, 15-17; Jak. 4, 4; Rom. 12, 2. Somme predikantar og prestar har vore altfor ivrige etter å dempa ned alvoret i slike ord for ikkje å skræma nokon.

Men me er eit anna folk. Me er annleis og skal vera det. me går på ein annan veg enn andre i denne verda. Den er smal, og det skal folk skjøna. Men det gjer dei aldri. Det er først trua som skjønar det. Difor seier Paulus: Eit skodespel har me vorte for verda, 1. Kor. 4, 9. Og han skriv i andre brevet til dei same kristne: Eg har ofte vore i fare – mellom falske brør, 2. Kor. 11, 26, og han var godt kjend med både ære og vanære, og hadde opplevd både vondt og godt rykte, 2. Kor. 6, 8.

Nokre gonger kan det vera så alvorleg at me er nøydde til å bryta med kyrkja. Me skal ha respekt for dei som gjer det, dei meiner alvor med si tru. Men me skal merka oss at Luther ikkje ville skapa ei ny kyrkje. Tanken var å stå i romarkyrkja for å reformera den.

Det lukkast ikkje. Han gjekk ut or si kyrkje av di han vart jaga og tvinga ut. Målet vårt må vera å prøva det me kan å peika på det gale og freista å føra folk attende til den rette veg. I denne siste tid er desse tankane meir enn naudsynlege.

Lat oss vera i bøn for landet vårt og for dei som kallar seg kristne. Dei og me er i stor fare for tida – for å bli rivne med i ei fråfallen og diffus kyrkje. Kjære kristne: Lat oss vera klare kristne, sjølv om det kostar oss mykje. For det viktigaste for oss er å nå fram til himmelen og å få nokre med oss dit.

Amen.